torsdag 20. mai 2010

Vil du høyre livshistoria mi?


Har no lagt oppg.6 inn i Fronter, det vart ikkje Powerp. men håper at eit word dok. er greit. Spennande å arbeide med denne oppg., skulle gjerne ha lest oppg. til alle, men vi har vel ikkje tilgang til det på Fronter, eller??

torsdag 15. april 2010

Leksjon 4

Då seier eg meg ferdig med denne leksjonen så langt...


Som forventa fekk eg vanskar med å konstruere taket, eg har "møtt veggen", og avsluttar med å legge inn ein liten animasjon.


Takk til Lilja for tips og god hjelp!!!! :-)

onsdag 7. april 2010

Leksjon 4, Sketchup















Leksjon 4, Sketchup.

Dette huset er ein del av skulen sine bygningar, bygget inneheld eit renseanlegg, og er bygt 17 år etter at 1. byggetrinn av skulen stod ferdig. Forma og fargane på renseanlegget skil seg ut frå resten av bygningsmassen, men etter å ha studert teikningane og detaljane til bygget, ser eg at arkitekten har tilpassa bygget til det eksisterande. To av skule bygningane er sirkelforma, difor er renseanlegget konstruert som ein 1/4 sirkel, detaljar som takutstikk, limtredragarar (gule) er tilsvarande som på dei andre byggningane, men i andre fargar.

I tillegg til fargevalet er også takkonstruksjonen ulik, eg meinar å ha høyrt at arkitekten har valt utforminga av taket for å tilnærme seg elva/vatnet, slik at vatnet kjem ut i renna i "spissen" av bygget, den "vassgrøne" fargen ( delvis skjult av snøen) er nok også valt for å gi assosiasjonar til vatn.

For å kunne konstruere bygget så nøyaktig som råd, fekk eg tilgang på arkitektteikningane på kommunen, noko som gjorde at eg også fekk øving i å lese slike teikningar.

Fram til no har Sketchup-jobben vore både lærerik og tidkrevjande, eg har støytt på mange hinder, og mykje har nok blitt løyst på ein heller tungvint måte, men poenget med studiet er vel å tileigne seg kunnskap/erfaring, så ....

Eg ser at takkonstruksjonen vil kunne by på utfordringar, ...og tida vil vise om eg kjem imål....